Lost

Syklane til bror min

DBS – min første og einaste sykkel, knall raud og alt for stor for 7-årige meg. Kunne ikkje sitje på setet og sykla, måtte stå i fleire år. Bror min, 6 år, fekk Apache-sykkel, med langt sete og kule dingsar dinglande. Han sleit ut sykkel etter sykkel i åra som gjekk, nokre ganske sarva, nokre berre litt slitt. Eg hadde DBS-en min til eg vart 32 år. Vart etterkvart svartmåla i studietida og fekk korg framom styret og nytt namn: Hardly Davidson. Far min lurte på om eg hadde stava det feil, men han er ikkje så god i engelsk.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

© Copyright Erlend Loe. | Formgivning og koding: Martin Høyem.